Basecamp

Basecamp Sotra søkjer ein engasjert dagleg leiar

Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert person med erfaring frå leiing og økonomistyring, som kan vidareutvikle Basecamp saman med dei tre medlemane.

HOVEDOPPGAVER:

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for alle Basecamp sine tiltak retta mot ungdom.
  • Leiing av Basecamp med personalansvar for dei tilsette. Som leiar rapporterer du direkte til styret og årsmøtet.
  • Økonomiansvar og anna administrativ arbeid, inkludert søknader og rapportering i samband med prosjektfinansiering av tiltak.
  • Strategi og vidare utvikling av Basecamp som eit unikt tiltak i regionen.
  • Marknadsføring og merkevarebygging
  • Representere Basecamp eksternt, og følgje opp kontakten med samarbeidspartnarar.
  • Førebu styremøte og årsmøte, og følgje opp vedtak.

EGENSKAPER/BAKGRUNN:

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på høgskule-/universitetsnivå, diakonutdanning eller anna relevant utdanning
  • Sosialfagleg bakgrunn og/eller erfaring frå arbeid med ungdom
  • God økonomiforståing og erfaring frå leiing/administrativ arbeid
  • Gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Initiativ, kreativitet og gode gjennomføringsevner
  • Kunne identifisere deg med, og arbeide ut frå, verdigrunnlaget til Basecamp.
  • Personlege eigenskapar tel sterkt ved tilsetjing
  • Å trivast med ein variert og hektisk arbeidskvardag

ANNEN INFO:

Vi tilbyr

  • Spanande arbeid mellom ungdom i ein framtidsretta region
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Tilsetjing etter vanlege vilkår
  • Løn etter gjeldande avtaleverk/etter avtale

Om arbeidsgiveren

Foreininga Basecamp er eit tiltak for ungdom på Straume i Øygarden kommune, omlag 15 min. køyring frå Bergen sentrum. Foreininga har tre medlemar, Øygarden kommune, Sartor Storsenter og Øygarden kyrkjelege fellesråd. Eit arbeid med å gjere Basecamp til eit ideelt aksjeselskap er iverksett.

Basecamp har eit diakonalt verdigrunnlag med vekt på nestekjærleik, menneskeverd, sjølvrespekt, medmenneskeleg omsorg og inkluderande fellesskap. Føremålet er å vere eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak, ved å styrke ungdom si oppleving av tilhøyrsle, identitet og meistring. Visjonen er å bidra til å realisere ungdom sine draumar om eit godt liv.

Basecamp har fleire tiltak for ungdom.

  • Ope hus er ein stad å vere med andre ungdommar og å møte trygge vaksne fire/fem dagar i veka.
  • Oppsøkjande arbeid på Straume/Sartor Storsenter og ungdomsskular i kommunen.
  • Arbeidspraksis gir arbeidstrening for ungdom og unge vaksne utan skuleplass eller arbeid.

Basecamp har 15 tilsette, fordelt på 10 årsverk. Basecamp mottek eit årleg tilskot frå dei tre medlemane. I tillegg er prosjektmidlar viktig for økonomien, saman med salsinntekter og gåver.

Om stillingen

Stillingstittel
Dagleg leiar
Stillingstype
Fulltid
Omfang
100% stilling
Søknadsfrist
23.06.2024
Tiltredelse
Etter avtale
Nettside
Besøk nettsted
Kontaktperson
Thomas Skålnes
Stilling
nestleiar i styret
Telefon
934 07 300

Søk på stillingen